Statens jernbanetilsyn er forplikta til å behandle alle dokument, inkludert e-post, i samsvar med føresegnene i offentleglova. Det betyr mellom anna at alle saksdokumenta til tilsynet som hovudregel er offentlege. 
Den som ønskjer det, kan be om innsyn i saksdokumenta til tilsynet etter føresegnene i offentleglova. Dersom dokumentet inneheld teiepliktige opplysningar, vil desse bli strokne før det blir gitt innsyn i det. 
Statens jernbanetilsyn er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. Følgjande opplysningar går som hovudregel fram av offentleg journal: Avsendars namn, mottakars namn, datoen i dokumentet og ei kort beskriving av innhaldet i dokumentet. Journalen blir likevel alltid ført på ein slik måte at han ikkje røper teiepliktige opplysningar.