Alle personopplysningane som blir innhenta og handsama i samband med utferding av førarbevis og for å oppfylle krava i førarforskrifta, skal handsamast i samsvar med personopplysningslova med forskrifter.
Statens jernbanetilsyn skal føre eit oppdatert register over alle førarbevis. Registeret skal innehalde dei opplysningane som går fram av vedlegg VII til førarforskrifta.
Statens jernbanetilsyn skal, etter grunngjeven førespurnad, gje informasjon om status for slike førarbevis til styresmakter det kjem ved i dei andre EØS-statane, til Det europeiske jernbanebyrået eller til arbeidsgjevarar for førarar.
Statens jernbanetilsyn skal ikkje bruke personopplysningane til andre føremål enn dei som følgjer av førarforskrifta.
Førarar har rett til innsyn i opplysningane om seg sjølve som er lagra i førarbevisregisteret eller i Statens jernbanetilsyn sine sakshandsamingssystem, og skal få ein kopi av desse opplysningane dersom dei ber om det. Den registrerte har rett til å få retta opplysningar som er feil eller ufullstendige. Dersom den registrerte har spørsmål om handsaminga av opplysningane, kan dei rettast til Statens jernbanetilsyn som handsamingsansvarleg for opplysningane